Valprogram 2019-2023
Kviteseid Arbeidarparti vil ha ein kommune bygd på fridom, solidaritet og like vilkår for alle.
Barn og unge skal prioriterast dei neste fire åra:
Barnehage- og skuleåra er den viktigaste tida for våre barn. Desse åra legg grunnlaget for det vidare livet. Derfor skal me sørgje for at ungane våre får eit godt fagleg og sosialt læringsmiljø som gir dei gode føresetnader for å kunne meistre framtidas utfordringar.
Kviteseid Ap vil vurdere dagens barnehage- og skulestruktur med bakgrunn i nye læreplanar for grunnskulen frå 2020, færre barn i kommunen, skuleskyssordning og kommunens økonomi.
I tillegg vil me i denne perioden prioritere:
·vidareføring og styrking av det gode pedagogiske arbeidet som blir gjort i barnehage, skule og SFO
·å ha nok kompetente lærerar ved å legge forholda godt til rette for vidareutdanning og spesialisering innan relevante fag
·eit barnehagetilbod/SFO som dekker behovet for opningstider og tal på plassar. SFO skal fylgje barnehageåret
·å ha fokus på IKT i barnehage og skule, og ha som mål at elevane ved skulane i Kviteseid skal ha Vest-Telemarks beste IKT kompetanse
·ha gode utemiljø på våre skular og barnehagar, Kviteseid skule skal prioriterast
Det skal vera godt å bli gamal i Kviteseid:
Derfor skal tenestene innan helse og omsorg halde fram med god kvalitet tilpassa brukarane sine behov. Det betyr bl.a. eigenproduksjon av mat og
·tilpassa omsorg i samråd med brukarane, ta i bruk ny teknologi slik at dei som ynskjer det kan få pleie heime
·tilstrekkeleg tilgang på omsorgsbustadar og heildøgns pleieplassar
·førebygging av sjukdom og skader ved å drive aktivt folkehelsearbeid i samarbeid med friviljuge organisasjonar
·auka merksemd på psykisk helse, spesielt blant ungdom
·tilretteleging for rusførebyggjande tiltak blant ungdom
·samhandling med andre kommunar for å få dei beste helsetenestene for innbyggarane
·rett og nok kompetanse hjå dei tilsette
·vurdering av ei samlokalisering av helsetenestene på KOS for å få effektiv drift og miljø på tvers av fagfelt
Kviteseid kommune har fleire bygder og alle er like viktige:
Med dagens krav til levestandard og næringsutvikling så er breiband like viktig infrastrukturtiltak som veg, straum og vatn. Kviteseid Ap vil legge til rette for breiband til alle, enten som fiber eller trådlaust.
Me vil vidareutvikle Kviteseidbyen som administrasjons- og handelssenter samt Vrådal og Morgedal som heilårs reiselivsdestinasjonar.
For å ha attraktive bygder og sentrum og eit veksande næringsliv vil me
·stø opp om eksisterande næringar og støtte nyetableringar
·vera ein aktiv og attraktiv vertskommune for regionale tenester med bl.a. domstol- og politifunksjonar
·vidareutvikle eit turist- og familievenleg Kviteseid sentrum ved å etablere ein sentrumsnær badeplass og aktivitetspark
·arbeide for gateljos langs fylkesveg 452 mellom Kviteseid sentrum og kyrkja
·vera ein pådrivar for at Vrådal skal utvikle seg som ein heilårs reiselivsdestinasjon og framleis vera ein attraktiv stad å bu.
·fullføre sentrumsprosjektet i Morgedal, utvikle bygdas sitt potensial som vogga til den moderne skisport og som buplass
·etablere nytt næringsareal i Brunkeberg, utvikle Vest-Telemark næringspark i Kviteseid og stø opp om Kvitsund
·arbeide for nytt Kviteseidkryss og GS-tiltak langs riksveg 41 i Vrådal og Kviteseid
Dei tilsette er kommunens beste ambassadørar:
Dei møter innbyggjarane kvar dag og derfor vil me arbeide for
·at kommunen og dei tillitsvalde samarbeider om eit godt arbeidsmiljø
·at dei som ynskjer det får 100% stilling
·å leggje til rette for arbeidstakarar i ulike livssituasjonar
·at Kviteseid kommune skal ha eit høgt på nærvær på arbeidsplassen
·at Kviteseid kommune til ei kvar tid har nok lærlingar for å sikre framtidig arbeidskraft. KS sin norm skal vera retningsgjevande.
·at kartlegging av dagens og framtidas behov for kompetanse skal styre etter- og vidareutdanning og alle skal ha same retten til kompetanseheving
Alle har eit ansvar for å ta vare på klima:
Kviteseid Ap vil arbeide for at Noreg skal nå sine klimamål. Kviteseid kommune skal ha som målsetning å redusere klimautsleppa og energi-behovet sitt ved å:
·ha god miljøkompetanse i kommunen
·gjera klimavenlege innkjøp og ta i bruk ny miljøteknologi i eiga drift
·sørgje for at kommunale bygg har god klimastyring og gjennomføre nødvendige tiltak for å redusere behov for oppvarming
·stimulere til alternativ miljøvenleg oppvarming når nye hytte- og bustadfelt blir etablera
·lage ny klima– og energiplan
·planlegge for og gjennomføre mindre bruk av eingongsplast
·legge til rette for fleire lade-/fyllestasjonar for klimanøytralt drivstoff
Dugnadsarbeidet er ein viktig bærebjelke:
Det frivillige arbeidet i Kviteseid kommune er enormt. Kviteseid Ap vil ta vare på og legge forholda til rette for denne innsatsen. Derfor vil me:
·prioritere kommunale kulturmidlar til aktivitetar for ungdom, både organisert gjennom organisasjonar og etter initiativ frå ungdommen sjølve
·vidareutvikle kulturskulen til å femne om fleire interesseområde ved behov, og etter initiativ frå eldsjeler
·nytte lokale kunst- og kulturkrefter i kommunal samanheng
·vidareføre og utvikle kommunens gode ordningar i og rundt Kviteseidhallen
·jobbe for ein ungdomsmiljøarbeidar
·skape nye møtestadar og gratis fritidstilbod for barn og ungdom
·etablere ein utlånssentral der born og unge kan levere og låne utstyr til skule- og fritidsaktivitetar
Interkommunalt samarbeid er viktig og framover vil Kviteseid Ap aktivt arbeide for å utvikle eksisterande og nye samarbeid i Vest-Telemark.
Me ynskjer framleis å busette flyktningar og i samarbeid med andre kommunar skal me ha eit godt tilbod for intergrering