Nytt frå Kviteseid AP februar 2018

Årsmøte for Kviteseid AP var 08.02.18. Me hadde besøk av Lene Vågslid som hadde ei engasjera innleing til møte. Før møte besøkte Lene Jordskifte- og Tingretten som nok ein gong skal reorganisera. Det blir eit viktig arbeid framover for å behalde domstol i Kviteseid.

Les i VTB om årsmøte her:

Dette er det nye styret:

Leiar: Tarjei Gjelstad

Nestleiar: Solveig Nekstad Grave

Styremedlemmer: Tone M Heggtveit, Geir Kjartan Lid, Tore Åsland.  I tillegg møter Fagforbundet og Vest-Telemark AUF med ein person kvar.

Politikk:

Organisering av NAV i Vest-Telemark er tema framover. Nissedal og Kviteseid har vedteke å slå saman kontora og Kviteseid blir hovudkontor. Det blir jobba med å få til eit større kontor i Vest-Telemark for å samle fagmiljøet. Sjølv om det blir eit hovudkontor vil det framleis bli mogleg å få hjelp til NAV tenester ved kommunehusa, men i mindre omfang enn før. Ei eventuell ny organisering skal vedtakast av seks kommunestyre i løpet av våren 2018.

Arkitektane er nå snart ferdig med leilegheitsbygget på Husstøyl og moderniseringa av Kviteseid skule og at det er snart klart for å leggast ut på anbod. Det betyr at me får tilgjengeleg fleire små utleigebustadar i sentrum i løpet av året og neste år har me ein skule som tilfredsstiller både krav til innemiljø, moderne læringsarena og arbeidsforhold for lærarane .

Samfunnsdelen av kommuneplanen ligg no ute til høyring og i løpet av våren vil òg ein revidera arealplan bli lagt fram for politisk handsaming. Det betyr at kommunen nå endeleg får oppdatera sine viktigaste planar og får eit godt styringsverktøy framover.

Organisasjon:

Kviteseid AP har blitt plukka ut av Arbeidarpartiet sentralt i bli med i eit modellkommuneprosjekt. Det betyr at Kviteseid AP får ein ekstra oppfylging fram til kommunevalet i 2019 og stortingsvalet i 2021. Kviteseid AP sitt bidrag vil vera å dele sine erfaringar i prosjektet til andre mindre kommunar.

Styret har som mål å auke medlemstalet som er på drygt 50 betalande medlemmer. Styret håpar at du som medlem kan hjelpe oss i det arbeidet og spørje ein ven, nabo eller andre om dei ynskjer å bli medlem. Tips gjerne styret om moglege nye medlemmer.

Neste medlemsmøte vil bli i mars/april. Ein viktig diskusjon på det møte vil vera å evaluere det politiske arbeidet og korleis Kviteseid kommune bør organiserast politisk framover.

Med beste helsing

Leiar

Tarjei Gjelstad