Årsmelding Kviteseid AP 2017
Årsmelding Kviteseid Arbeidarparti 2017:
Etter årsmøtet i 2017 har desse vore med i styret:
Leiar Tore Åsland, nestleiar Tarjei Gjelstad, kvinnepolitisk kontakt Cecilie Vee Straand og styremedlemmer Solveig Nekstad Grave og Geir Kjartan Lid. Cecilie Vee Straand fekk fritak i mai då ho flytte ut av kommunen, Solveig Nekstad Grave vart ny kvinnepolitisk kontakt. Gro Heidi Vestgarden har møtt for Fagforbundet og Lars Rysstad for Vest-Telemark AUF. Vara til styret: Anita Bakkan, Tone M Heggtveit og Inger Auestad.
Valnemnd: Bjørn Håvard Olsen og Einar Leiv Søreide (leiar).
Revisor: Johan Berntsen.
Årsmøtet for Kviteseid AP vart lagt til Morgedal 2. februar. Terje Lien Aasland, stortingsrepresentant og leiar for Telemark AP, snakka om aktuelle politiske utfordringar. Årsmøte heidra fem medlem for meir enn 50 års medlemsskap.
Desse fekk diplom og velfortent honnør:
Bergit T Andersen, Johan Berntsen, Kåre Hauknes, Arnhold Reinskås og Rolf Lien.
Det har vore 4 medlemsmøter og 3 styremøter i 2017. Stortingsvalet er det som har vore hovudfokus for styret og medlemmene har bruka mykje tid på.
Tore Åsland med Tarjei Gjelstad som vara, har møtt i fylkespartiets representantskap. Store saker der har vore stortingsval og regionreform.
1.mai vart arrangera i Kviteseidhallen. Ordførar i Nome , Bjørg Tveito Lundefaret, var hovudtalar. Lars Rysstad hold appell, hovudinnhaldet til både Bjørg og Lars var bekymringar for dei mange unge som ikkje kjem i arbeid. Det var musikkinnslag frå Ingrid Vadder og ordførar Tarjei Gjelstad avslutta dagen. I tillegg var det quiz, song og god mat.
Det fagpolitiske samarbeid med Fagforbundet fortsette i 2017. Gode, stabile arbeidsforhold, likeløn, etterutdanning, 100% stillingar, lærlingordningar og felles arrangement er oppgåver me ynskjer å samarbeide om.
Det vart bruk mykje tid på valkamparbeid i 2017 Vi hadde stand 13.juni som var nasjonal valkampdag, på Victoria festivalen, Morgedal multisport og Vrådalsdagen I innspurten hadde vi òg roseaksjon i Kviteseid med hjelp frå Seljord AP samt at me deltok i Seljord.
I kommunestyret var interkommunalt samarbeid og utgreiingar viktig tema i 2017. Kviteseid har hatt ei aktiv rolle i dette arbeidet og hadde ynskt at ein lykkast meir, men det er vanskeleg å få til meir forpliktande samarbeid når ein må flytte arbeidsplassar/vertskommune. Det er derfor gledeleg at klarar å utvikle vidare samarbeid med Nissedal om eit felles NAV kontor. I 2018 vil det bli jobba med felles prosjekt i Vest-Telemark innan kraftkompetanse, felles NAV kontor, psykologi-tenester og digitalisering.
Budsjettet for 2018 fylgjer godt opp Kviteseid AP sin valprogram. Ekstra satsing på utleigebustadar, modernisering av Kviteseid skule, meir pengar til IKT og auka fokus på lærlingar er god AP politikk.
Arbeidet med ny samfunnsplan og revidering av arealplanen vart satt i gang i 2017. Arbeidet går som planlagt og ny kommuneplan vil bli vedtatt sommaren 2018. Kviteseid AP er nøgde med at ungdomsrådet vart etablera i 2017.
Ekstra gledeleg var engasjementet frå ungdomen i Kviteseid. Vest-Telemark AUF er etablert og dei fleste i styret er frå Kviteseid. Utfordringa blir å halde opp aktivitet når sentrale personar reiser vekk frå kommunen for å gå på vidaregåande skule.
Kviteseid AP har 51 betalende medlemmer pr. 31.12.17. I tillegg er det ungdomar frå Kviteseid som er medlemmer i AUF.
For styret
Tore Åsland
leiar